Fjorden, baby! Fornybarkonferanse

 

Sjå intro/animasjonsfilm 

Ni av ti norske byar og tettstader har verdas enklaste og billegaste energikjelde rett utanfor døra: Sjøen. NVE anslår at sjøvatn kan dekke nær 40 % av Norge sitt samla oppvarmings- og kjølebehov!

Nordfjordeid i Sogn og Fjordane er eit fullskala utstillingsvindauge for bruk av sjøen som energikjelde. Her finn du eit av Norges største Fjordvarme-anlegg og signalbygg på smart energibruk basert på sjøvatn: Operahuset Nordfjord/Eid vidaregåande skule og Nordfjord Sjukehus.

Den 6. mai inviterer vi kommunar, fylkeskommunar, energibransjen, utbyggarar/byggherrar, helseføretak og andre interesserte til Nordfjordeid for å finne svar på energi-utfordringane som no står for døra.

Denne dagen får du sjå og studere fjordvarme på nært hold – og bli  inspirert! Du får også lære meir om kvifor fjordvarme, energi frå sjøen og smart energistyring av bygg kan vere det enkle svaret på statlige krav om utfasing av oljefyring og skjerpa energikrav til bygg – samt kutte energikostnadene for all framtid.

Arrangørar: ZERO, KS, ENOVA, Norsk Fjernvarme, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og FjordaneEid kommune, Nordfjord Vekst og Næringshagane i Nordfjord

PROGRAM.

PÅMELDING.

Kontaktperson, prosjektleiar: Arild Hjelmeland, 456 00 526 arild@fjordvarme.no

« Tilbake til arkivet