Skal løfte fram unge entrepenørar

Denne sommaren gjev StudiebygdA unge gründerar ein unik moglegheit. Viss du har ein forretningsidé du har lyst til å gjennomføre, får du sjansen til å realisere han utan å risikere å ende opp med store tap og gjeld.

Stefan Halck og Martin Foldal står i spissen for «Sommarbedrift i Volda 2014», og ønskjer å skape liv og leven i Volda om sommaren. Dei skal dele ut 250 000 kroner til mellom tre og fem bedrifter som har eit forretningskonsept i Volda.

– Me vil gje inntil 75 000 kroner til kvar bedrift som har lyst til å drive sommarverksemd i Volda. Dei einaste kriteria er at du er student ved høgskulen i Volda, og at bedrifta skal halde til i Volda, seier Stefan Halck, dagleg leiar i Volda Næringsforum.

Stefan Halck (t.v) og Martin Foldal (t.h) gjer deg moglegheita til å starte ei bedrift utan risiko

Vinn-Vinn

Dei ønskjer å gje unge entrepenørar moglegheita til å realisere idéen sin utan risiko, og vil stille med rådgiving i oppstart-, drift-, og avviklingsfasen. Dei held også kurs i entrepenørskap, og kan stille med lokale til bedriftene. Martin Foldal, dagleg leiar i Sunnmøre kulturnæringshage, seier at dei unge ikkje har noko å tape på prosjektet, og vil uansett sitte igjen med gode erfaringar som ser bra ut på CV-en.

– Dette er ein unik moglegheit til å drive si eiga bedrift. Det er ein vinn-vinn-situasjon, der ein kan få gode erfaringar i arbeidslivet utan å måtte betale for det viss ein feilar. Utbetalinga vår på inntil 75 000 kroner per bedrift gjer at ein unngår å tape pengar på prosjektet. Viss ideén i tillegg slår godt an, har ein moglegheita til å tene mykje pengar, fortel Foldal.

Fritt fram

Rammene for bedriftsidéen er også veldig lause, og konseptet treng til dømes ikkje vare heile sommaren.

– Det kan godt vare berre ei veke eller to med intensiv jobbing. Me legg vekt på å løfte fram det potensiale me trur finst blant studentane her, og er opne for alle typar bedrifter, seier Halck.

Prosjektet startar allereie med entrepenørskapskurs med hoppid.no, torsdag 20. mars. Søknadsfrista for å sende inn din idé er 1. april. Seinare vil dei også arrangere fleire kurs, og vil hjelpe entreprenørane med alt i frå økonomi til marknadsføring.

Meir om prosjektet kan du lese om på StudiebygdA sine heimesider og på facebooksida deira.

Av Stig Øystein Schmidt

« Tilbake til arkivet