|
- Søknadsmengda er imponerande, seier seniorrådgjevar Judith Kortgård.
Ho leiar den breie dugnadsinnsatsen som no vert lagd ned i
departementet for å handsame søknadane.
Om Bulyst
Korleis kan det bli meir attraktivt å busetje seg i distriktskommunar? Dette spørsmålet er utgangspunktet for ei satsing på Bulyst regi av Kommunal- og regionaldepartementet. Satsinga vart varsla i Stortingsmelding nr 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru.
Måla for satsinga på bulyst er å legge til rette for at distriktskommunar vert meir attraktive som varig bustad
, og å samle kunnskap om kva som påverkar folk sine val når det gjeld bustad.
Denne satsinga skal fokusere på tiltak som kan gjere distriktskommunane meir attraktive å bu i. Departementet er oppteken av at satsinga skal støtte opp under gode lokale og regionale pilotprosjekt som er godt forankra.
Stor interesse
Søknadsfristen for utlysninga av inntil 32 millionar kroner til Bulyst gjekk ut 3. mai 2010. Kommunal- og regionaldepartementet går no gjennom søknadene.
Det har vore stor interesse for utlysninga. Til dømes har nettsida med utlysningsteksten vorte opna nesten 5 500 gonger. Departementet har motteke rundt 185 søknader som til saman har søkt om vel 105 millionar kroner.
Også fylkeskommunane og
Distriktssenteret har vore involvert i arbeidet med å vurdere prosjekt.
Det er stor variasjon mellom søknadane, både når det gjeld temaval og
innretning på det arbeidet engasjerte folk rundt om i landet gjerne vil
ha departementet med på.
Artikkel hentet fra Regionalnytt nr. 5 2010 - Nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken
|