Til hovedsiden for NHNett.no
Hjem
Alle artikler
Om Næringshagene
Styret
 
Bedriftsportalen
Månedens gründer
Linker
SIVA
Innovasjon Norge
Forskningsrådet
Kvinnovasjon

Global Buisniess Incubation Day
Veks til seks på fire år

- Det starta med ein tilsett i mai 2006, og da var vi spente på om det vart nok å gjera. Trudde vel at eg måtte tilførast oppdrag frå Vestlandet, men det vart faktisk motsett. Vi har fått overraskande mange oppdrag, seier Steinar Løkken, første tilsette som bygningsingeniør da rådgjevings- og planleggingsfirmaet Nordplan i Nordfjordeid etablerte ny avdeling i Vågå attåt Førde og Ålesund.

 

vekst_i_gd Nå er han i tillegg kontorleiar for fire som blir til fem 1. august. Da vender Gunnar Vole (31) heim att etter seks år i Oslo og leiarjobb i Geo Survey as. Vågå-avdelinga har to arkitektar, ein landskapsarkitekt og tre ingeniørar innan bygg, vatn- og avløp og stikking. Nordplan har i alt 32 tilsette. - Vole har tileigna seg høg kompetanse og vil vera sentral i arbeidet vårt med å kunne tilby ei totalpakke til både privat og offentleg verksemd innan arkitektur, konstruksjon og landskap, seier Løkken, stolt over at moderfirmaet vel å leggje denne spesialkompetansen til Vågå.

 

Foto: Steinar Løkken

 

 

 

Så vidt han veit, er det ingen andre som har dette som spesialfelt i Gudbrandsdalen. Satsinga medfører innkjøp av moderne satelittutstyr (GPS) til 400.000 kroner.
- På denne måten kan vi vidareføre våre prosjekt frå teiknebordet og ut i terrenget, anten det er bygg, veg eller vatn- og avløp, seier Løkken, han ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å auke bemanninga med eit par til. Det er stort press på vegplanlegging, spesielt på Vestlandet, og firmaet er på utkik etter vegingeniør.

- Vi treng nok meir plass, men vil helst halde fram i Vågå næringshage. Her er det eit fint miljø, seier Løkken.

Arbeidsoppgåvene er varierte frå hytter og bustader til hotell, varehus og istunnel. For tida er nytt handelssenter på Otta og nytt hotell på Dombås av dei største.

Kilde: Næringshagen Nord-Gudbrandsdal / GD

 

logo_gdNæringshagen Nord-Gudbrandsdal er et aksjeselskap som arbeider for å bistå næringsdrivende og utvikle næringslivet i distriktet. Næringshagen er med i statens næringshageprogram, og har lokale næringshager i kommunene Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå. Les mer om Næringshagen Nord-Gudbrandsdal her

 
i media
Login





Glemt passordet?
Design: Falk Webdesign Nyhetene er levert av Mylder