Til hovedsiden for NHNett.no
Hjem
Alle artikler
Om Næringshagene
Styret
 
Bedriftsportalen
Månedens gründer
Linker
SIVA
Innovasjon Norge
Forskningsrådet
Kvinnovasjon

Global Buisniess Incubation Day
Distriktspolitikk tek av på Facebook
Grunnleggaren Mats Aleksander Mikalsen ville starte ei fjesbokgruppe med vitugt innhald for folk med felles interesse i å hindre distrikta i å døy ut.– Eg tenkte at vener kunne invitere vener og kanskje nokre til, men eg fekk ein respons eg aldri hadde drøymt om. 

 

Sterk marknadsføring
– Sosiale medium er ein sterk marknadsføringskanal og ein utmerkt kanal for å treffe mine målgrupper. Det gjeld blant anna sentralisert, urban ungdom, poengterer Mikalsen. Han er genuint interessert i regionalpolitikk og har ei grunnleggande redsle for at han etter endt utdanning ikkje skal ha noko lokalsamfunn å flytte tilbake til. Politikk er mi store interesse, og for meg er politikk distriktsutvikling, seier Mikalsen.

 

Gir distriktet nytt ansikt
– Eg trefte tydeleg noko som folk er opptatt av, og som engasjerer. Det var behov for eit diskusjonsforum som dette blant folk som er opptekne av distriktspolitikk. Det har vorte eit forum som presenterer distriktet på ein heilt ny måte, seier Mikaelsen.

 

matsaleksandermikalsen










Mats Aleksander Mikalsen starta ei Facebookgruppe for å bidra til å sette eit positivt lys på distrikta. Den veks i rekordfart!

 

Folk som bur i distriktskommunane, ynsjer å prøve å bu her, eller som vil flytte attende lagar innhaldet. Medlemmane legg inn lenker, diskuterer, gjev råd og deler tankar og erfaringar på Facebooksidene. Kommunar og andre som arbeider med tilflytting kan vise seg fram til grupper dei kanskje ellers ikkje når. – Ikkje minst har sidene blitt eit nettverk mellom folk som vil skape liv i distrikta, seier Mikalsen.

 

Uformell forsking
Kva konklusjonar trekkjer psykologistudenten Mikalsen så langt av det han kallar ei litt uformell forsking på Facebook? - Ungdom flyttar for å ta utdanning, andre følgjer etter fordi venene dreg, seier Mikalsen. - Ungdom etablerer seg ikkje i distrikta utan ein nær, sosial omgangskrins. Eg har også fått opp augo opp for kor viktig det er med god utbygging av kollektivtransport for å få miljømedvitne unge menneske til å etablere seg. Dei er mest opptekne av gode oppvekstkår for borna, og dei vil ikkje vere avhengig av privatbil.

 

Folk treng hus
– Husmangel er eit problem eg ikkje trudde var så stort. Viljen til å flytte attende er  absolutt tilstades, men på grunn av husmangel blir ikkje draummane realiserte. Mange hus står tomme, men eigarane vil ikkje selje.  Dette gjeld nok kystkommunane i enda større grad enn innlandskommunane, meiner Mats Mikalsen.

 

Facebooksidene om distrikts- og regionalpolitikk

 

Artikkel hentet fra Regionalnytt nr 6 2010

 

 
i media
Login





Glemt passordet?
Design: Falk Webdesign Nyhetene er levert av Mylder