|
Ny nettside om satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) |
|
Regjeringa har sett i gang satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane. Den skal gjere kommunane enda betre til å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak.
På den nye nettsida for satsinga kan du blant anna lese om:
• Ein rådmann sine forventingar til satsinga
• Korleis Hedmark set i verk satsinga gjennom konkrete læringsprosjekt
• Korleis Møre og Romsdal brukar nye metodar for å lære av framtida
• Korleis Sogn og Fjordane vil bli betre til å jobbe med planlegging saman med kommunane
• Oversikt over viktige aktørar og verkemiddel
• Ofte stilte spørsmål
• Kontaktinformasjon til viktige aktørar
Samarbeid om utvikling
Nettsida er utvikla etter innspel frå fylkeskommunane. Nettstaden ligg under KRD sine sider på www.regjeringa.no. KRD vil jamleg oppdatere nettsida med artiklar om kva som skjer i satsinga og halde fram med å vidareutvikle sida særleg saman med fylkeskommunane og kommunar. Hovudmålet er å inspirere dei involverte i satsinga, vere samlingsstad og arena for læring og kunnskapsutvikling. Samtidig skal sida informere og inspirere alle som har interesse for lokal samfunnsutvikling.
• Nettsidene om satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK)
Artikkel hentet fra www.regjeringen.no
|